Til hovedinnhold

Sommerkurs ved International Space University

ISU Space Studies Program (SSP) er eit internasjonalt studietilbod for deg som er interessert i verdsrommet, romteknologi og den praktiske nytten av rommet.

ISU sommerkurs

Foto: ISU/C. Barrett

ISU Space Studies Program (SSP) er eit internasjonalt studietilbod for deg som er interessert i verdsrommet, romteknologi og den praktiske nytten av rommet.

Sommarkurset Space Studies Program blir ofte arrangert i samarbeid med høgskular, forskingsinstitutt og universitet i andre land. Det inneber at SSP går føre seg på ulike stadar.

Følg med på ISUs eigne sider for søknadsfristar og oppdatert informasjon.

Om kurset

Om lag 120 deltakarar frå rundt 30 land blir valde ut av opptakskomiteen ved ISU. Dei fleste har teknologisk bakgrunn, men ein fjerdedel kjem frå andre fagområde.

Nokre er studentar, andre er forskarar, nokre jobbar i romindustrien, medan andre arbeider med administrasjon eller forvaltning. Alderen er frå 20 til 50 år.

Det ni veker lange programmet blir innleidd med førelesingar av internasjonale ekspertar. Parallelle kollokviegrupper følgjer opp temaa, som kan spenne over vidt forskjellige felt som robotteknologi, jordobservasjon, internasjonale forhandlingar, eksperiment under mikrogravitasjon eller krisekommunikasjon.

Deltakarane vel fordjuping innanfor eit hovudområde. Dei siste vekene går med til intensivt arbeid i tre ulike prosjektteam.

Søknad og stipend

Alle søknader blir gjort online på ISUs nettsider

Direktoratet for romverksemd tilbyr diverre ikkje stipend til sommarkurset ved International Space University (ISU).

Det er sjølvsagt mogleg å søkje om opptak til kurset dersom ein har eiga finansiering, eller ein kan søkje på eitt av stipendia som ISU tilbyr i samarbeid med ESA, eventuelt frå andre organisasjonar dersom ein oppfyller krava.