Til hovedinnhold

Sommerkurs om romlov og rompolitikk

Dette er sommarskulen for deg som vil lære om romlov og rompolitikk frå dei beste på feltet.

Paneldiskusjon under ECSL sommerkurs.

Foto: ESA

Paneldiskusjon under ECSL sommerkurs.

På «ECSL Summer Course on Space Law and Policy» lærer du mellom anna om lover og reglar i verdsrommet og internasjonalt romsamarbeid. Du får òg betre oversikt over karrieremoglegheiter i rombransjen innan område som jus, statsvitskap og økonomi.

Sommarkurset blir arrangert kvart år av European Centre for Space Law (ECSL) i samarbeid med European Space Agency (ESA) og ein partnar i eit medlemsland.

Du kan lese meir om kurset og det faglege innhaldet på denne sida.

Kurset er ope for studentar og nyutdanna (young professionals) under 35 år. Deltakarane må vere statsborgarar i eitt av ESAs medlemsland, til dømes Noreg.

Søknad

Direktoratet for romverksemd og ECSL vel ut dei norske kandidatane.

Søknaden består av eit elektronisk skjema og CV. For at søknaden din skal bli vurdert, må han innehalde både utfylt søknadsskjema og CV.

Du finn informasjon om prosess og søknadsskjema under «How do I apply?» på denne sida.

Send dokumenta til Direktoratet for romverksemd:
spaceagency@spaceagency.no

Søknadsfristen er 22. juni 2025.

Det er avgrensa tal på plassar.

Stipend

Kontakt

Mari Eldholm, rådgivar, analyse og utgreiingar

E-post: mari.eldholm@spaceagency.no
Telefon: 476 67 751