Meny
Studentsatellitten SelfieSat skal ta bilete av skuleklassar i bane.
SelfieSat er ein nanosatellitt som blir bygd av studentane i organisasjonen Orbit NTNU ved Noregs tekniske og naturvitskaplege universitet i Trondheim.
Denne satellitten har ein skjerm som kan vise bilde på ei selfiestong. Slik kan SelfieSat ta selfies av bilete medan han går i bane 525 kilometer over jorda.
No inviterer Orbit NTNU og ESERO Noreg lærarane for skuleklassar over heile landet til å bli med på SelfieSat for å få eit bilete i rommet.
- Alt du som lærar treng å gjere er å ta eit bilete av deg og elevane dine, og dessutan skrive nokre setningar til oss om kvifor de ønsker akkurat dykkar bilde i verdsrommet, seier Ørjan Vøllestad ved ESERO Noreg på Andøya.
Ti utvalde bilete vil bli publisert på esero.no og lasta opp på satellitten før oppskytinga, som er lagt til sommaren i 2022. Oppskytinga vil skje med ein bærerakett av typen Falcon-9 frå SpaceX.
- Å få ein selfie av seg sjølv frå verdensrommet med jorda som bakgrunn, er ein fin måte å inspirere elevane til å lære meir om jorda vi bur på, plassen ho har i verdsrommet, og korleis satellittar og teknologi fungerer, seier Anita Grønseth, leiar av ESERO Noreg.
Slik får du selfie i rommet med studentsatellitten SelfieSat. Illustrasjon: Orbit NTNU/ESERO Norge
Send biletet og teksten til konkurranse@esero.no før 25. februar!
ESERO Noreg har læringsmateriale om SelfieSat, som mellom anna fortel meir om satellittar generelt, korleis SelfieSat fungerer, og kva slags ulike typar banar satellittar kan gå i. Sjå nettsida her.
ESERO Noreg er eit undervisningskontor etablert av den europeiske romfartsorganisasjonen ESA og blir drifta av Andøya Space Education, ein del av Andøya Space-konsernet.
ESERO Noreg skal bidra til rekruttering innan matematikk, naturfag og teknologi gjennom kurs for lærarar i Noreg.
Orbit NTNU er en organisasjon for rominteresserte studenter ved NTNU som bygger sine egne satellitter. Foto: Orbit NTNU
Orbit NTNU er ein ideell studentorganisasjon, som har som mål å designe og byggje Noregs første operative studentsatellitt.
Orbit NTNU byggjer òg satellitten Framsat-1 som blir med på den aller første oppskytinga av småsatellitter frå Europa med Andøya Space. Les meir om det her.
Ørjan Vøllestad – Kommunikasjonsrådgivar – ESERO Noreg – 484 46 394
Her er idéene som vant CASSINI Hackathon Norway 2022.
Rombasen i Kourou lyser nå ut nye kontrakter for drift og vedlikehold.
Hvordan hjelper satellittene med å overvåke jordas klima og miljø?
Hva betyr det for brukerne i en nødsituasjon?
Folk har alltid vært redd for ting som ramler ned fra himmelen.