Til hovedinnhold

Norske forskarar på romtokt i Wien

Norsk Romsenter inviterte 30-31. januar norske forskarar til eit arbeidsseminar i Wien. Seminaret vart arrangert i samarbeid med European Space Policy Institute (ESPI), som er den leiande europeiske tenketanken innan rompolitikk

Oppdatert
12. februar 2024
Deltakere og arrangører under seminaret i Wien.
Deltakere og arrangører under seminaret i Wien.Foto: Norsk Romsenter

Seminaret vart den fyrste faglege arrangementet som er halde i ESPIs nye lokaler ved Schwarzenbergplatz i hjartet av Wien. Norsk Romsenter er medlem i ESPI og sit i instituttets styrande organ.

Norsk Romsenter har dei seinare åra forsterka kontakten med ESPI for å sikre kunnskapsbygginga kring utnytting av rommet, både for eigen del, men og med tanke på andre miljø nasjonalt. Analysane frå ESPI er høgst relevante både for politikarar, departement og etatar, forskingsmiljø og næringsaktørar.  

Hovudfokuset for seminaret var rom som dimensjon innanfor utanriks-, tryggleik- og forsvarspolitikken. I alt 14 norske forskarar deltok fordelt på Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), Institutt for forsvarsstudier (IFS) ved Forsvarets høgskule, Institutt for fredsforskning (PRIO), Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) og Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo. 

Føremålet med seminaret var å vekke interessa for romverksemd si aukande rolle innanfor utanriks-, tryggleik- og forsvarspolitikken hjå ulike forskingsmiljø her til lands. Vidare var det eit siktemål å gjere dei norske forskarane kjend med ESPI og forskarane der. Til sist var det eit poeng å kunne presentere norske perspektiv til ESPI, perspektiv som ofte har samanheng med vår geografiske plassering høgt mot nord og unike tilknyting til det europeiske rom-samarbeidet.  

Møtte OSSE

Det vart undervegs halde eit møte med Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), med særleg fokus på OSSEs utfordringar knytt til fred og samarbeid i ei geopolitisk krevjande tid. OSSE informerte  om korleis organisasjonen nyttiggjer satellittdata for å danne eit situasjonsbilete. 

Som ein del av arbeidsseminaret deltok forskarane på eit seminar med The Inter-Agency Space Debris Coordination Committee (IADC), eit mellomstatleg forum som har som mål å koordinere innsatsen for å handtere romsøppel. IADC har 13 medlemsorganisasjonar, inkludert Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA), og forumet ivaretek ei viktig rolle som tilretteleggjar for å utarbeide gode løysingar for å verne om eit berekraftig nært verdsrom. Stadig meir romsøppel i bane er ei uløyst oppgåve for verdssamfunnet.  

Til sist fekk er forskarane høve til å vitja eit møte i den tekniske og vitskaplege underkomiteen til FNs eiga nemnd som arbeider for internasjonalt samarbeid og fredeleg bruk av rommet, UNCOPUOS.  

Seminaret er og omtala på nettsida til ESPI.