Hopp ned til navigasjon Hopp ned til innhold
Satellittnavigasjon skal gjøre jernbanen i Norge og EU mer effektiv. Foto: GSA
GSA

Satellittnavigasjonssystema skal gjere jernbanen meir effektiv

Det gir meir kontroll over kapasitet, flåtestyring og straumbruk.

Signala for posisjon, navigasjon og tid frå satellittnavigasjonssystem som Galileo og EGNOS blir brukte til transport både på land, på sjøen og i lufta.

Disse signala blir òg brukte til mange andre samfunnskritiske funksjonar, som styring av straumnett, vatn og avløp, datanettverk, og til finansielle transaksjonar, konstruksjon, boring, og mykje meir.

Innan transportsektoren er det ikkje berre bil, båt og fly som bruker signala frå satellittnavigasjonssystema, men også jernbanenettet.

- Mange tenkjer kanskje at toget følgjer sporet uansett og at signal frå satellittnavigasjonssystema ikkje er særleg relevant her. Men det er i ferd med å endre seg, seier Karl Bjarne Kapaasen, seniorrådgivar innan satellittnavigasjon ved Norsk romsenter.

Viktig tidssynkronisering

Når det er feil på signalanlegga på jernbanen skaper det forseinkingar og problem for dei reisande. Bane NOR innfører derfor eit nytt felleseuropeisk digitalt signalsystem som heiter European Rail Traffic Management System (ERTMS).

Dette digitale signalsystemet gjer at lyssignal som togføraren i dag får frå infrastruktur langs jernbanesporet i staden blir viste på ein skjerm inne i toget.

Denne informasjonen må overførast trådlaust frå basestasjonar langs jernbanesporet. Til det bruker Bane NOR det digitale kommunikasjonssystemet GSM-R. Fordi dette er eit digitalt system er tidssynkronisering viktig.

- Derfor blir nøyaktig tid henta frå satellittnavigasjonsystem som GPS, og på sikt europeiske Galileo, seier Kapaasen.

Vil bli brukt i heile Noreg

Med tradisjonelle signalsystem er jernbanen delt inn i seksjonar kalla blokkstrekningar, og det kan berre kan vere eitt tog av gangen på ei blokkstrekning. Dette blir styrt ved hjelp lyssignal langs sporet.

Bane NOR bygger i dag ERTMS Level 2 som i framtida kan oppgraderast til Level 3. Level 3 bruker satelittnavigasjonssystem for posisjonering og gjer det mogeleg med flytande blokkstrekningar.

Dette gjer det mogeleg å utnytte sporet betre og resulterer i auka utnytting av sporet og forbetra kapasitet. Samstundes får ein færre komponentar i sporet som fører til mindre feil og lågare vedlikehaldskostnader.

- Slik bidrar satellittnavigasjonsystema til at jernbanenettet får større kapasitet, seier Kapaasen.

Innføringa av ERTMS er eit av Noregs største digitaliseringsprosjekt og vil etter kvart nyttast på alle jernbanestrekningar i landet.

Oversyn over straumbruk og materiell

På grunn av privatiseringa og konkurranseutsetjinga av jernbanen, er det i dag ei lang rekke aktørar som bruker Bane NORs infrastruktur til toga sine.

- Det gir behov for å vite kven som bruker køyrestraum kvar og når, seier Kapaasen. Signal frå satellittnavigasjonssystema blir brukte for å bestemme posisjonen til skinnegåande materiell langs sporet for å berekne bruken av køyrestraum.

På jernbanenettet er det òg mykje materiell som blir flytta langs sporet og som blir parkert i kortare eller lengre tid på ulike stasjonar og sidespor. For å halde oversyn over kvar alt er, blir signala frå satellittnavigasjonsystema brukt som verktøy for flåtestyring av materiellet.

Sidan underlaget som skinnene ligg på ikkje alltid ligg heilt i ro, kan det oppstå rørsler som endrar plasseringa til sporet. Dette er det viktig å følgje med på for å ivareta trygginga for toget. Derfor blir data frå satellittnavigasjonssystema brukt til å bestemme den nøyaktige posisjonen til sporet.

I dag blir ulik jernbane-infrastruktur nytta til å bestemme nøyaktig posisjon for toga, av tryggleiks-årsaker, mellom anna baliser og akselteljarar. På sikt vil dette bli erstatta med signal frå satellittnavigasjonsystem, og gje store innsparingar i vedlikehald og drift av infrastrukturen.

- Norsk Romsenter synest det er positivt at store samferdselsaktørar bruker data frå satellittnavigasjonssystema, og at romteknologi slik blir ein del av løysingane deira. Slik ser vi at satellittnavigasjonssystema er essensielle for transport, ikkje berre med bil, båt og fly, men også med jernbane, seier Kapaasen.

Høgare regularitet og trygging

- Med ERTMS får vi eitt digitalt signalsystem for alle jernbanestrekningane i Noreg, seier Lars Jorde, leiar for prosjektet ved Bane NOR.

Det skal erstatte alle dei forskjellige signalanlegga i Noreg i dag, som er basert på gammal teknologi og der tilgang til kompetanse og reservedelar er ei utfordring.

Kort sagt blir signala flytta frå jernbanen og inn på ein skjerm i toget.

- Det gir mindre utstyr langs sporet, kuttar kostnader og reduserer risiko for feil. For dei reisande betyr ERTMS ein meir stabil jernbane med høgare regularitet og auka tryggleik, avsluttar Jorde.