Hopp ned til navigasjon Hopp ned til innhold
Landbruksroboten AX1 fra Kilter reduserer bruken av sprøytemidler med opptil 95 prosent. Foto: Kilter
Kilter

Norsk robot reduserer ugrasmiddel og aukar avlingar

Landbruksroboten AX1 bruker satellittnavigasjon og skal seljast internasjonalt.

Roboten AX1 er utvikla av Adigo i Langhus. Teknologien og ingeniørar er fisjonert ut i firmaet Kilter. AX1 kan redusere bruken av sprøytemiddel med opptil 95 prosent, og auke avlingar med opptil 40 prosent.

- Roboten har ein patentert dyseløysing som appliserer enkeltdråper med ugrasmiddel slik at desse kjem direkte på ugraset, seier Anders Brevik, dagleg leiar ved Kilter.

Ved hjelp av kunstig intelligens og kamera analyserer roboten bilde av bakken slik at den ser forskjell på nytteplantar og ugraset som skal sprøytast.

- Slik sett fungerer AX1 litt som ein printar på hjul, som sprøytar berre der det trengst, seier Brevik.

Roboten bruker heller ikkje typiske sprøytemiddel, men eit kjemisk forbindelse kalla pelargonsyre. Han er mindre skadeleg for miljøet enn mange av dei tradisjonelle sprøytemidla.

Brukar korrigerte posisjonsdata

- På jordet navigerer AX1 med ein presisjon på 2,5 centimeter, medan dysa har ein presisjon ned til 6 millimeter, seier Brevik.

Dette klarer roboten ved å berekne posisjonen sin basert på mottatte signal frå alle satellittnavigasjonssystema som til kvar tid er tilgjengelege der AX1 er, inkludert europeiske Galileo.

- Men det er ikkje godt nok med data frå navigasjonssatellittane åleine, derfor bruker vi posisjonskorrigering frå firmaet Leica GeoSystems HxGN SmartNet, seier Brevik.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<section xmlns="http://docbook.org/ns/docbook" xmlns:xlink="http://www.w3.org/1999/xlink" xmlns:ezxhtml="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/xhtml" xmlns:ezcustom="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/custom" version="5.0-variant ezpublish-1.0"><para>Landbruksroboten AX1 ser forskjell på ugress som skal sprøytast og nytteplanter vha kunstig intelligens. Foto: Kilter</para></section>

Landbruksroboten AX1 ser forskjell på ugress som skal sprøytast og nytteplanter vha kunstig intelligens. Foto: Kilter

Dette firmaet har eit nettverk av satellittnavigasjonsmottakarar i heile Europa. Mottakarane står på kjente og faste plassar. Ved hjelp av desse mottakarane kan posisjonen korrigerast slik at den lokale posisjonen blir heilt nøyaktig.

AX1 mottar slike korreksjonsdata ein gang i sekundet fordi posisjonsdata åleine ikkje er nøyaktig nok.

- Det er mange faktorar som fører til unøyaktigheter. Den største feilen vi opplever skuldast forhold i dei ulike laga av atmosfæren, spesielt fordi Noreg ligg så langt nord, seier Brevik.

Dessutan kan atmosfærelag med store temperaturforskjellar eller mykje skyer skape forstyrringar. Men også andre faktorar speler inn, til dømes usynkrone klokker i satellitt og mottakar.

Annan teknologi vart utvikla parallelt

AX1 har vore under utvikling i 10 år og mottatt stønad frå mellom anna Innovasjon Norge, Forskningsrådet og EU-programmet Horizon2020.

- Denne roboten hadde vore utenkeleg for berre nokre år sidan. Då vi starta med å utvikle AX1, fanst det nesten ikkje noko kunstig intelligens, datakrafta var ikkje god nok, og gode satellittnavigasjonsdata var relativt utilgjengeleg. Vi har vore avhengige av at denne og annan teknologi vart utvikla parallelt, og satsa den gong på at teknologien ville nå oss igjen, seier Brevik.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<section xmlns="http://docbook.org/ns/docbook" xmlns:xlink="http://www.w3.org/1999/xlink" xmlns:ezxhtml="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/xhtml" xmlns:ezcustom="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/custom" version="5.0-variant ezpublish-1.0"><para>Her jobbar landbruksroboten AX1 på et jorde. Foto: Kilter</para></section>

Her jobbar landbruksroboten AX1 på et jorde. Foto: Kilter

No er roboten vorte eit kommersielt produkt som skal seljast internasjonalt. Kilter skal levere eit tosifra tal til kjøparar i Noreg i 2022. Firmaet satsar spesielt på den tyske marknaden der dei allereie har interesserte kjøparar.

- Tilbakemeldinga frå bøndene er at roboten fungerer veldig bra. Europa er verdas nest største produsent av grønsaker, og vi ser for oss heile kontinentet som nedslagsfelt, seier Brevik.

Romprogram nyttige for norsk industri

-Dette er ein spennande måte å nytte satellittnavigasjonsdata på, og vi ser at fleire miljø som utviklar teknologi for landbruket nyttar satellittnavigasjonsdata, seier Karl Bjarne Kapaasen, seniorrådgivar innan satellittnavigasjon ved Norsk Romsenter.

Han synest det er flott at eit norsk firma og norsk industri klarer å utnytte satellittnavigasjonssystema, er innovative på slike løysingar, og klarer å ta dei fram til kommersielle produkt.

- Nettopp det er ein del av hensikta for Noreg å delta i EUs romprogram som Galileo. Denne investeringa skal komme til nvending her til lands og vere nyttig for norsk industri, seier Kapaasen.

Frå før har den europeiske romorganisasjonen ESA sitt Business Incubation Centre på Kjeller støtta utviklinga av landbruksroboten Torvald.

Norsk Romsenter støttar utviklinga av nye produkt som bruker data eller teknologi frå rommet. Les meir om det her.

Kontakt

Anders Brevik – Dagleg leiar – Kilter – 901 76 829

Karl Bjarne Kapaasen – Seniorrådgivar, satellittnavigasjonssystem – Norsk Romsenter – 924 97 792