Hopp ned til navigasjon Hopp ned til innhold
Instrumentklyngen med satellittnavigasjonsmottakeren fra Norsk Romsenter monteres på en fyrlykt ved kysten. Foto: N. Kjerstad
N. Kjerstad

Norsk Romsenter støttar maritime fag i Noreg

Nytt utstyr vil gjere studentane betre kjent med satellittnavigasjonssystem.

NTNU og Fagskolen i Ålesund bygger no eit heilt nytt navigasjonslaboratorium, som vil bli tilgjengeleg for alle skular som husar maritime utdanningar i Noreg. Det vil seie fire universitet og ti tekniske fagskular i dag.

- Nytt utstyr for satellittnavigasjon er både dyrt og utviklar seg så raskt at det er vanskeleg for skular å halde følgje, seier Norvald Kjerstad ved NTNU Ålesund. Han leier bygginga av den nye navigasjonslaben.

Derfor blir det no utvikla ein infrastruktur og eit pedagogisk opplegg for å utplassere nokon av dei viktigaste nye navigasjonsinstrumenta. Desse kan skulane logge seg på for å drive undervisning, demonstrasjon og forsking på ein kostnadseffektiv måte.

Den nye instrumentsklynga omfattar radar, elektroniske kart, og mottakarar av signal frå Automatic Identification System (AIS) og satellittnavigasjonssystem som Galileo og European Geostationary Navigation Overlay Service (EGNOS). Også VHF radio, video og meteorologiske instrument høyrer med.

Tenester og bruk langs kysten

- Vi ønsker at studentar og kommande navigatørar blir betre kjent med dei globale satellittnavigasjonssystema, med søkelys på tenestene dei leverer og korleis dei vert nytta langs Norskekysten, seier Kjerstad.

Det nye utstyret og undervisningsopplegget skal òg syne kor sårbare dei globale satellittnavigasjonssystema er, for dei blir meir og meir kritiske for ei lang rekke samfunnsfunksjonar.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<section xmlns="http://docbook.org/ns/docbook" xmlns:xlink="http://www.w3.org/1999/xlink" xmlns:ezxhtml="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/xhtml" xmlns:ezcustom="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/custom" version="5.0-variant ezpublish-1.0"><para>Fire av satellittene i det europeiske navigasjonssystemet Galileo. Grafikk: ESA/P. Carill</para></section>

Fire av satellittene i det europeiske navigasjonssystemet Galileo. Grafikk: ESA/P. Carill

Noreg har derfor ein eigen strategi for bruken av slike system. Les meir om det her.

- Tilgang til og presentasjon av Galileo, EGNOS og andre globale satellittnavigasjonssystem vil vere eit viktig bidrag til ei moderne instrumentsopplæring for dei maritime studentane, seier Kjerstad.

Prosjektet er òg støtta av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku), og dessutan av Kystverket.

Montert på fyrlykt

- I går vart radaren montert på fyrlykta der instrumentsklynga skal sitje, og vi håper å ha alt utstyret på plass ved nyttår, seier Kjerstad.

Leveranseforseinkingar i samband med pandemien har gjort at det har tatt lengre tid å få på plass instrumenta enn tidlegare antatt.

- I løpet av 2022 kjem vi til å utvikle undervisningsopplegget for instrumentsklynga slik at dei maritime skulane kan logge seg på og byrje å bruke det nye ustyret, seier Kjerstad.

Instrumenta som Norsk romsenter har støtta kan òg nyttast i felten for å trene studentane i navigasjon i ein realistisk situasjon. Kjærstad testa instrumenta på eit tokt til Nordpolen i september 2021.

- Dette utstyret kan vi til dømes ta med oss på skipstokt, og så spele att signala i laben for ei meir realistisk undervisning, seier Kjerstad. Det vil komme navigatørane i framtida til gode.

Mange fleire tenester dei neste åra

- No får studentane på fleire maritime studiar høve til å bruke det nyaste utstyret innan satellittnavigasjon, noko som er både nyttig og spennande, seier Christian Rost, seniorrådgivar innan satellittnavigasjon ved Norsk romsenter.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<section xmlns="http://docbook.org/ns/docbook" xmlns:xlink="http://www.w3.org/1999/xlink" xmlns:ezxhtml="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/xhtml" xmlns:ezcustom="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/custom" version="5.0-variant ezpublish-1.0"><para>Droner er bare noen av de mange typene farkoster som er avhengige av satellittnavigasjonssystemer som Galileo. Foto: GSA</para></section>

Droner er bare noen av de mange typene farkoster som er avhengige av satellittnavigasjonssystemer som Galileo. Foto: GSA

- Ikkje minst fordi det i dei næraste åra vil komme mange fleire tenester frå mellom anna det europeiske satellittnavigasjonssystemet Galileo, avsluttar Rost.

Noreg har vore med i Galileo og EGNOS frå starten av. Desse programma er no ein del av EØS-avtalen. Les meir om det her.

Kontakt

Norvald Kjerstad – Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk - NTNU Ålesund – 975 43 980

Christian Rost – seniorrådgiver, jordobservasjon – Norsk Romsenter – 942 05 420