Meny
Som student eller nyutdanna har du mange høve til å få ein fot innanfor rombransjen. Her får du ei oversikt over nokre av moglegheitene.
Studentar som skal delta på romrelaterte konferansar eller kurs, kan søkja om reisestøtte for inntil halvparten av reiseutgiftene. Støtteordninga gjeld for studentar ved norske universitet og høgskular. Les meir om kriteria og korleis ein søkjer her.
European Space Agency (ESA) har også støtteordningar for europeiske studentar som ønskjer å delta på romrelevante konferansar og workshops over heile verda. Les meir om dette på ESA sine studentsider.
Norsk romsenter lyser ved behov ut stillingar med eitt års varigheit for nyutdanna personar med mastergrad. Noverande og tidlegare praktikantar har hatt variert studiebakgrunn innanfor samfunnsvitskap, teknologi- og realfag. Ledige stillingar blir publiserte på denne sida.
Aktive studentar kan søkja om å delta på kurs (training sessions) gjennom ESA Academy. Kursa varer vanlegvis ei veke, og blir arrangerte på ulike stader i Europa. Her samlast studentar frå alle Esas medlemsland for å læra om romfaglege tema. Kursa er gratis å delta på, og deltakarane får i tillegg eit reisestipend frå ESA.
Aktive studentar kan søkje om å delta på prosjekt og eksperiment (Hands-on Space Projects) gjennom ESA Academy.
ESA lyser kvart år ut internships på 3-6 månader, primært på masternivå. Desse dekkjer ei rekkje ulike fagområde, og er plassert rundt om i Europa på dei ulike sentera til ESA. Stillingane blir publiserte i november, og internship-perioden startar vanlegvis i februar eller mars. Les meir om student internship på ESA sine sider.
ESA lyser kvart år ut rundt 100 trainee-stillingar for personar som nyleg har fullført ei mastergrad. Desse dekkjer ei rekkje ulike fagområde, og er plassert rundt om i Europa på dei ulike sentera til ESA. Stillingane blir publiserte i februar, og trainee-perioden startar vanlegvis i september eller oktober. Du kan lesa meir om YGT-programmet til ESA på Norsk Romsenter sine sider og på ESA sine sider.
Young Graduate Trainee Justyna Bare under arbeid ved ESA-senteret ESTEC. Foto: ESA.
På denne sommarskulen samlast 60 teknologi- og realfagsstudentar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Målet er å designa eit romprosjekt som skal løysa ei vitskapleg problemstilling. Søknadsfrist: 28. februar. Les meir om sommarskulen i Alpbach og korleis ein søkjer her.
I løpet av ti intensive dagar på ESA/JRCs sommarskule lærer du om alt frå satellittsystem og -signal til forretningsmodellar og tryggingstiltak. Foredraga blir haldne av leiande ekspertar på satellittnavigasjon. I 2023 blir sommarskulen arrangert frå 17. til 28. juli i Kiruna, Sverige. Les meir om sommarskulen i satellittnavigasjon og korleis ein søkjer her.
ISU Space Studies Program (SSP) er eit internasjonalt studietilbod for deg som er interessert i verdsrommet, romteknologi og den praktiske nytta av rommet.
SSP blir ofte arrangert i samarbeid med høgskular, forskingsinstitutt og universitet i andre land. Neste kurs blir arrangert i Oeiras i Portugal frå 27. juni til 26. august 2022.
Det er mogleg å søkja på eit stipend som ISU tilbyr i samarbeid med ESA. Les meir om sommarkurset og korleis ein søkjer her.
Nye romentusiaster med ISU-diplom
Det er temaet for Blue Justice-konferansen i København 23.-24. mars.
Norske Solsys Mining undersøkjer korleis måneregolitt kan bli til næring for ...
GLOC 2023 is organized by the IAF and hosted by the Norwegian Space Agency.
IRISS kan bli nyttig både for norske brukere og industri.
Folk har alltid vært redd for ting som ramler ned fra himmelen.