Hopp ned til navigasjon Hopp ned til innhold
Illustrasjonsbilde fra ESA Education.
ESA

Bring verdsrommet inn i klasserommet

Vi gir deg ein kort guide til spennande rom-prosjekter og læringsressursar for barn i alle aldrar.

Norsk Romsenter sitt aktivitetshefte «Rommet»

I dette aktivitetsheftet utforskar Albert og Aurora verdsrommet. Dei er nyfikne på det meste – frå korleis det er å bu på romstasjonen til kvifor vi kan sjå nordlys.

Aktivitetsheftet er laga for barn mellom fem og ti år, og kan nyttast i samanheng med undervisning og prosjektoppgaver, eller delast ut til barn som er ekstra interessert i verdsrommet.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<section xmlns="http://docbook.org/ns/docbook" xmlns:xlink="http://www.w3.org/1999/xlink" xmlns:ezxhtml="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/xhtml" xmlns:ezcustom="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/custom" version="5.0-variant ezpublish-1.0"/>

Heftet kan tingast gratis frå Norsk Romsenter til skular og barnehagar i heile Noreg (så lenge lageret rekk).

For å bestilla heftet sender du ein e-post til spaceagency@spaceagency.no med namn på skule/barnehage, adresse, kor mange hefter du treng, samt namn og telefonnummer til ein kontaktperson som vil få ein SMS frå Posten når pakken blir levert.

Heftet kan òg lastast ned som PDF:
Last ned «Rommet» (versjon med enkeltsider) 
Last ned «Rommet» (versjon med dobbeltsider)

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<section xmlns="http://docbook.org/ns/docbook" xmlns:xlink="http://www.w3.org/1999/xlink" xmlns:ezxhtml="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/xhtml" xmlns:ezcustom="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/custom" version="5.0-variant ezpublish-1.0"/>

Andøya Space Education

Andøya Space Education har ei rekke nedlastbare øvingar og aktivitetar som er gratis tilgjengeleg på nettsidene deira.

Her finst det ei mengde undervisningsressursar og aktivitetar om verdsrommet som i fleire fag kan knytast direkte til kompetansemål frå rammeplanen eller "Kunnskapsløftet 2020". 

Ressursane og aktivitetane er tilpassa ulike alderstrinn, frå barnehage til vidaregåande skule, og dekker mellom anna tema som solsystemet, nordlys, romfartøy, satellittar, robotar og programmering.

ESERO Norway

ESERO Norway er eit undervisningskontor etablert av den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. ESERO Norway blir drifta av Andøya Space Education.

ESA har fem spennande skuleprosjekt i 2021-2022, og fleire av dei passar godt inn i dei norske læreplanane.  

Astro Pi Challenge
Astro Pi Challenge er ein årleg europeisk konkurranse der skuleelevar får høve til å programmera eit vitskapleg eksperiment og få eksperimentet sitt utført i verdsrommet, nærare bestemt på den internasjonale romstasjonen (ISS).

CanSat
Ein CanSat er ein satellittmodell som skal passa inn i ein brusboks, og som inneheld instrument og kommunikasjonssystem som i verkelege satellittar.

Klimadetektiv
Klimadetektiv er eit ESA skuleprosjekt for elevar mellom 8 og 15 år. Elevar blir utfordra til å bli klimadetektivar ved å utforska lokalmiljøet sitt. Ved å leika med forsking skal elevane utforska og analysera eit lokalt klima-/miljøproblem, og foreslå moglege løysingar.

Moon Camp Challenge
Moon Camp Challenge er eit inspirerande og pedagogisk prosjekt frå ESA og Airbus Foundation, i samarbeid med Autodesk. Prosjektet tilbyr klasseromsressursar som fokuserer på læring gjennom design og vitskaplege forsøk. Elevane må gjennomføra ei rekke vitskaplege forsøk relatert til månen for deretter å overføra kunnskapen på ein tverrfagleg måte. Målet for elevane er å designa sin eigen månebase ved hjelp av 3D modelleringsverktøy som Tinkercard eller Fusion 360

Mission X
Mission X - Tren som ein astronauter eit internasjonalt undervisningsopplegg for barn og unge i barnehage og grunnskule med fokus på fysisk fostring og ernæring, og der elevane blir oppmoda til å «trena som ein astronaut.».

 

Andøya Mission Control

Andøya Mission Control er eit nettbasert rollespel der klasserommet blir gjort om til eit kontrollsenter. Elevane bemannar forskjellige stasjonar, og må samarbeida og kommunisera for å gjennomføra to virtuelle romoppdrag.

Oppdrag Solstorm
Målet med dette oppdraget er å få reparert ein øydelagt satellitt, før ein varsla kraftig solstorm når jorda og øydelegg satellitten eller set livet til astronauten i fare. Under leiing av ein Mission Commander må elevane samarbeida og kommunisera både seg imellom og med astronauten for at oppdraget skal bli vellykka.

Oppdrag Mars
Her må elevane få frakta ein robot til mars som skal undersøka om det finst liv på planeten. For å klara dette, må elevane jobba i spesialiserte grupper og utføra oppgåver og sørga for at roveren blir programmert til å klara oppgåvene sine når den kjem fram. Deretter skal data analyserast.

Norsk Romsenter sine sider for barn

Norsk Romsenter har eigne sider for barn som kan brukast i undervisning, prosjektarbeid eller for barn som ønsker å læra meir om verdsrommet på eiga hand.

<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?>
<section xmlns="http://docbook.org/ns/docbook" xmlns:xlink="http://www.w3.org/1999/xlink" xmlns:ezxhtml="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/xhtml" xmlns:ezcustom="http://ez.no/xmlns/ezpublish/docbook/custom" version="5.0-variant ezpublish-1.0"><para>Norsk Romsenters sider for barn.</para></section>

Norsk Romsenters sider for barn.